Ein umedviten majoritet

Det er godt for småfuglen at katten ikkje kan fly, sa Ivar Aasen. Men kven treng flygande kattar, når me har eit kartverk i fri dressur? 

Saka sprakk i NRK Sápmi for ei veke sidan, då Statens kartverk ville blåsa støv av matrikkellova for å tvangsfjerna tospråklege gateskilt i samiske område. Grunngjevinga var at den tospråklege skiltinga er «forvirrande».

Det fyrste eg tenkte var at dette er sanneleg eit kaldt gufs frå farne tider. Når det er sagt, trur eg ikkje det ligg vond vilje bak framlegget frå Kartverket si side. Tvert i mot trur eg utspelet fyrst og fremst botnar i ein innsiktsmangel som berre ein umedviten majoritet kan framvisa.

Me ser det i mange samanhengar. Som aktiv nynorskforkjempar ser eg det oftast frå enkelte bokmålsbrukarar, som gjev ope uttrykk for at dei med sin beste vilje ikkje kan forstå kva som «er poenget» med nynorsk. Dei forstår ikkje, fordi dei høyrer til ein språkleg majoritet, som i kraft av å vera dominerande reknar sitt eige som det nøytrale. Det finst både målfolk, samnorskingar og riksmåltilhengjarar, men gjennom åtte års engasjement i språkspørsmål har eg framleis til gode å møta ihuga bokmålsentusiastar.

Grunnen til det, er at når eit språk vert det nøytrale, mister det fort funksjonen som kultur- og identitetsmarkør – heilt eller delvis. Mindretals- og minoritetsspråk vert eit avvik, noko som skiljer seg frå det normale. Ved å tilhøyra ein slik majoritet, er det mange som vert svært lite medvitne om språk. Språket vert redusert til berre å vera eit instrument, og alt som kjem i tillegg vert rekna som rart, merkeleg, eller altså forvirrande.

Den same retorikken ser me til dømes når rikspressa her til lands sveittande forsvarer dei redaksjonelle nynorskforboda sine. I den grad dei argumenterer, handlar det ofte om «språklig forvirring», noko som visstnok skal oppstå i stor skala dersom ulike artiklar i den same avisa skulle vera på nynorsk og bokmål om kvarandre. Som om språkvekslinga var til plage for dei som les Bergens Tidende og Nationen, eller nettutgåvene til NRK og TV2.

No har Kartverket altså tenkt akkurat like korttenkte tankar om fleirspråklege gateskilt i samiske område. Eller, for å yta dei litt rettferd, Kartverket argumenterte også med at namna måtte kunna lagrast i databasar.

Til det siste er det berre eitt å seia: Dersom Kartverket sine digitale system er så primitive at dei ikkje opnar for parallelle namn, er det på høg tid med ei oppdatering. Teknologi var kanskje eit fleirspråkshinder for tjue år sidan, men i dag er fleirspråksvenlege løysingar for barnemat å rekna, reint teknologisk. Om ikkje datasystemet meistrar fleirspråklege gatenamn, så er det datasystemet som er problemet.

Heldigvis ser den aktuelle skiltstriden ut til å få eit lukkeleg utfall. Statssekretær Raimo Valle varslar tilpassingar i lover og regelverk, slik at fleirspråklege kommunar også i framtida kan vedta parallelle namn på gatene sine. For å seia det med endå eit Aasen-sitat: Ingen er for stor til å læra. Korkje språkmajoritetar eller statsapparat.